top of page

Bjørkheim Sauna Rundar Av Vårsesongen

Bjørkheim Sauna har no gjort teneste i over eit halvår, og sant og seia har me både hatt ei stor stund og tileigna oss mykje kunnskap i denne perioden. Me i ledelsen kunne merka at andre ymse syslar og gjeremål byrja å kappase om merksemda vår saman med saunaen då vêret byrja å visa seg frå si beste side. Det er hovudsakleg på dei dagane då himmelen dekke seg til med eit grått teppe at trongen til å setje oss i varmen kom snikande – og me trur mange kan nikka gjenkjennande til dette. På eit vis kjenner me at saunaen fungerer som ein livbøye mot ein – gud forby – sommar som den me opplevde i fjor. Men det ser, kross i taket, ikkje ut til å bli noko gjentaking av den historia.

Men, før me lener oss tilbake og gjæv oss heilt hen til solstrålane og avkopling i skytjeskuggen, vil me retta ei innbyding til ei siste saunagusøkt.

Me er no berre litt over tre veker unna slutten på Bjørkheim Sauna sin aller fyrste sesong, og me har allereie starta å setje kursen mot framtida. I første omgang har me tenkt å setje i gang med sal av sesongkort, og me ønskjer sjølvsagt å gje dei av dykk som har vore med frå fyrste stund nokre fortrinn, men meir om det seinare.




bottom of page