
Fyr opp. Hopp i fjorden.
Sjølvbetent, vedfyrt flytesauna i Teigavika i Samnanger. Open for alle, heile året.
Finn ei økt
Vel først om de vil dele saunaen med andre, eller ha han for dykk sjølve.
Vel ei av dei to over, så viser me dei ledige øktene.
Vel ei av dei to, så viser me dei ledige øktene.
Slik går ei økt
To timar, frå fyrstikka til fjorden. Koden til døra får du på e-post.
To timar, frå fyrstikka til fjorden.
- 1Tast kodenKoden kjem på e-post når du har booka. Tast han på kodelåsen ved døra.
- 2Tenn oppLat oskeskuffen stå open, så elden får god trekk. Fyll omnen raust når fyren har teke.
- 370–80 graderLat att oskeskuffen. No er saunaen klar.Har de kjøpt ferdig oppvarma, startar økta her.
- 4Bad og hopp i fjordenFjorden ligg to steg unna. Isholet ligg klart heile vinteren.
- 5Rydd og gåForlat saunaen slik du fann han. Grønsåpespray og nal står framme.

Prisar
Kvar økt varer i to timar.
Fellesøkt
120–160 krPris per person.
Heile saunaen
frå 790 krPris per økt. De fyrer sjølv, om de ikkje kjøper han ferdig oppvarma.
Klippekort
550–1 590 krKlippa gjeld fellesøkter i to år frå kjøpet.
Kjøp klippekort40 liter ved
115 krVeden ligg i den svarte kistebenken innanfor døra.
Kjøp vedGåvekort
valfritt beløpvalfritt
Saunaen
Bjørkheim Sauna vart bygd i 2022 for å gje Samninga ein møtestad på tvers av generasjonar. Sidan har fastbuande og tilreisande delt benkene, fjorden og dei enkle gledene.
Eit ope fellesskap
Låge prisar og enkel bruk held terskelen låg. Her badar naboar, hyttefolk og gjennomreisande om kvarandre.
God helse
Saunaen byggjer vidare på den sterke vinterbadekulturen i kommunen.
Utan straum
Bygd i kortreist tre og fyrt med ved. Saunaen er driven heilt utan straum.
Praktisk
Saunaen ligg på Teigavika badeplass i Bjørkheim, Samnanger.
- Parkering
- Gratis ved Samnanger folkebibliotek, to minutt å gå.
- Toalett
- To offentlege toalett på badeplassen. Du passerer dei på vegen ned.
- To offentlege toalett på badeplassen.
- Dusj
- Ingen dusj. Her badar ein i fjorden.
- Aldersgrense
- 16 år. Yngre er velkomne i følgje med vaksen.
- Kapasitet
- 12 plassar per økt.
- Etter økta
- Forlat saunaen slik du fann han.

Teigavika badeplass, Bjørkheim 7, 5652 Årland
Bjørkheim 7, 5652 Årland
Vis vegen i kartSpørsmål og svar
Det kjem an på om nokon har fyrt i økta før deg. Elles fyrer du opp sjølv, og oppfyringa er rekna inn i dei to timane. Bookar de heile saunaen ein laurdag eller søndag frå kl. 12, kan de kjøpe han ferdig oppvarma. Då er veden med.
Ja. Vel «Heile saunaen» når de bookar. Då kan ingen andre booke plass i den økta, og de kan vere opptil 12 personar.
Lat oskeskuffen stå open medan du tenner opp, så elden får god trekk. Når du har fått god fyr, fyller du omnen raust med ved utan å kvele flammane. Når saunaen har nådd 70–80 grader, kan du late att oskeskuffen.
Etter booking får du ein eingongskode på e-post. Tast koden på kodelåsen ved døra, så er du inne.
Ta med eigen tørr ved, eller ting 40 liter for 115 kr når du bookar. Veden ligg i den svarte kistebenken innanfor døra, og koden til benken står i e-posten.
Ja, forlat saunaen slik du fann han. Grønsåpespray og nal står framme, og det tek berre eit par minutt.
To offentlege toalett ligg på badeplassen. Dusj finst ikkje, ein badar i fjorden.
Sjekk spam-mappa fyrst. Finn du han ikkje, send oss ei melding, så får du ny kode med ein gong.